
Dette er heimesidene til Østfold Mållag. Alle som er interesserte i å styrke posisjonen til Østfold-dialekt, kan bli medlemmer i Østfold Mållag. Dialektane i Østfold har lenge vore sett på som lågstatus-dialektar, og det er noko av bakgrunnen for at Østfold Mållag blei oppretta i 1989. Nå kan det sjå ut til at statusen er på veg opp, men vi vil gjerne ha fleire med på laget.
Østfold Mållag arbeider også for å auke interessa for nynorsk skriftmål i det gamle fylket Østfold. Alle som kjem frå Sverige og køyrer inn i Østfold over Svinesund, blir møtt av skiltet som minner oss om at både nynorsk og bokmål er offisielle norske målformer. Begge er del av den norske språkrikdommen.
Bli medlem i Østfold Mållag!
Østfold Mållag har meir enn 180 medlemmer – nokre av oss skriv nynorsk til dagleg, andre legg meir vekt på arbeidet vårt for å ta vare på østfolddialektene. Mange er støttemedlemmer fordi dei er einige i den gode saka det er å hegne om norsk språkkultur i ei tid som blir stadig meir prega av engelsk. (Og vi er heller ikkje bokmålshatarar!)
Den enklaste måten å bli medlem i Østfold Mållag på, er å bruke telefonen og sende sms NYNORSK til nummer 2490. Da blir du med i det lokallaget som er nærmast der du bur – enten Indre Østfold Mållag, Moss Mållag, Sarpsborg Mållag eller Fredrikstad Mållag. Det kostar 200,- det første året.
Om du bur utanfor fylket eller heller vil vere med i eit anna lokallag enn det du først blir «plassert» i, sender du berre ein e-post til nm@nm.no og skriv ønsket ditt. Ta gjerne kontakt med fylkesleiar Ragnhild Lier på lierragnhild@gmail.com, eller ein av leiarane av dei fire lokale mållaga i Østfold. Du finn e-postadresser under fana «Kontakt oss».

Årsmøte og markering av Østfold Mållags 35-årsdag i Eidsberg 16. mars 2024. Fire tidlegare leiarar av laget delte kaka, f.v. Magne Aasbrenn, Per Thorvald Larsen, Eldbjørg Skaug – og Ragnhild Lier, som også blei attvald som leiar for eit nytt år.

Heilt fullt på Matstova 15. november 2023 da BUL Sarpsborg og Sarpsborg Mållag arrangerte Finnskogen-aftan.

Tidlegare leiar i Østfold Mållag, Magne Aasbrenn, saman med programleiaren og innspelingsleiaren i den populære NRK-serien «Dialektriket» i januar 2013.